Skip to main content

Kurs i vurdering av hanndyr

Startdato: 6. september 2024
Sluttdato: 7. september 2024
Tid: 17:00
Sted: Rongevær kysthytte

Vest Villsaulag inviterer til kurs i hanndyrvurdering etter rasestandarden på Rongevær kysthytte. Egil Kvalsund frå Sunnmøre Villsaulag og Jan Magne Staurland frå Haugalandet Villsaulag, begge med lang erfaring innan kåring av villsau, blir med oss som instruktørar denne helga. Målet med samlinga er at deltakarane skal bli rusta til å delta i dommarpanelet på villsaulaget sine vêrmønstringar, i tillegg til at ein kan bli betre på å velja ut dei mest rasetypiske og beste dyra til avl i eigen flokk.

Samlinga vil ha ein teoretisk del fredag kveld og ein praktisk del laurdag. Styret stiller med dyr for vurdering. Både erfarne og mindre erfarne deltakarar er velkomne, og me vil leggja til rette for at alle skal få utbyte av opplegget. Som førebuing bør ein setja seg inn i rasestandarden som ein finn på nettsidene til Norsk Villsaulag.

Me har leigd Skulehuset på Rongevær Kysthytte (DNT), der me overnattar frå fredag til laurdag. Sjå meir info om plassen her. Det er ikkje hotellstandard her, så ein må rekna med å dela rom med andre trivelege villsaubønder. Skulehuset har kjøken der me lagar oss mat, og allrom som me kan samlast i for måltid og kveldsprogram. På laurdag vil me vera ute, så ein må ta med gode klede. Rongevær ligg heilt nord i Austrheim kommune, ein dryg time å køyra frå Bergen sentrum. Frå parkeringsplassen ved båthamna har me tilgang på robåtar for å koma oss over det om lag 300 meter lange sundet ut til øya Kjerringa, der Skulehuset ligg.

Deltakaravgift på 900,- dekker overnatting og mat. Bindande påmelding til post@vestvillsaulag.no innan 15.08. Betalingsinformasjon vert sendt ut saman med bekreftelse på plass. Opplys om eventuelle matintoleransar eller andre behov. For å sikra rekruttering av dommarar til mønstringane våre vil medlemmar som seier seg villige til å vera dommar i framtida verta prioriterte dersom det er fleire interesserte enn det er plass til.  

Arrangementet er opent for medlemmar av Vest Villsaulag og andre lokallag, samt direktemedlemmar i Norsk Villsaulag. Er du ikkje medlem kan du melda deg inn på nettsida til Vest Villsaulag

Program

Fredag 6. September

17.00: Ankomst parkeringsplass/båthavn

17.00 – 18.00 Innlosjering og nons (kaffi&snacks)

18.00 – 20.00: Gjennomgang og diskusjon av rasestandard og rettleiar for døming

20.00 – : Middag og sosialt utover kvelden.

Laurdag 7. September

07.30 – 08.30: Frukost

08.30 – 11.30: Vurdering av lamvêrar og risbitar. Me deler oss i grupper og jobbar praktisk med vurdering av ulike dyr med gode og mindre gode eigeskapar. Jan Magne og Egil rettleiar

11.30 – 12.30: Matpause

12.30 – 14.00: Felles gjennomgang og diskusjon

14.00: Slutt.

Håpar å treffa mange av dykk for ei kjekk å lærerik helg!

Beste helsing frå styret i Vest Villsaulag

Foto: Den Norske Turistforening.

Close Menu

Siste innlegg