Skip to main content

Værmønstring

Dato: 21. september 2024
Tid: 10:00 - 16:00
Sted: Austrheimhallen

HAUSTENS STORE høgdepunkt for deg som driv med villsau/gammalnorsk sau i Vestland.

Laurdag 21. september arrangerer Vest Villsaulag villsaumønstring i Austrheim i forbindelse med Landbruksdagen i Austrheim. Landbruksdagen er eit årlig arrangement med fokus på landbruksrelaterte aktivitetar, hendingar og utstillingar. Rundt 2500 besøkande var innom arrangementet i 2023.

Har du eit vêrlam, ein risbit, eller ein eldre vêr, meld deg på og ta turen til Austrheimhallen.

Kjøp og sal av avlsdyr.

Vurderer du å driva med, eller allereie har villsau, er dette ein god anledning til å skaffa seg nye avlsdyr, læra noko nytt og bli kjend med fleire som driv med eller er interessert i villsau.

Pris for å stille med dyr er kr. 200,- per dyr.

PROGRAM:

08.00: Oppmøte seinast for påmeldte utstillarar m/hanndyr av gammalnorsk sau. Utstillingsområdet blir stengt for biltrafikk 0830.


10.00 : Mønstringa vert opna av leiar i Vest Villsaulag, Inge.

10.15 – 12.30 : Vest Villsaulag stiller med dommara for å vurderer dyra. Det vert høve til å stilla spørsmål undervegs. Du kan og vera med å stemma på publikumsfavoritten!

12.30 – 13.30 : Pause

13.30 – 16.00 : Mønstringa fortset.

Alle dyra vil få ei skriftleg vurdering iht. rasestandard for gammalnorsk sau /Norsk Villsaulag.

16.30 : Oppsummering & heider til beste villsau/oppdrettar,
og premie til publikumsfavoritten!

PÅMELDING;

Bindande påmelding til post@vestvillsaulag.no innan 1. september 2024.

I utgangspunktet må deltakara ta med eigne grindar. Om nokon ikkje har eller har problem med å ta med, må dette meldast frå ved påmelding så vil ein finna ei løysing.

Er det spørsmål vedrørande påmelding / arrangement ring Guttorm / 951 53 612 eller Bjarte  / 907 85 538.

Husk eigenerklæring!

VEL MØTT!

Close Menu

Siste innlegg