Skip to main content
DriftRase

Den spretne smalen

Spretne villsau

Lyngheiene er kysten sitt beitelandskap. For å synleggjera dette, og for å halda lyngen i god hevd,vert utmarka på Lyngheisenteret beita med villsau. Dette er den opphavelege sauetypen her i landet, og det offisielle namnet er Gammalnorsk sau. Den er liten, nøysam og hardfør og går ute heile året, og den vert difor også kalla utegangarsau. Etter fleire tusen år saman med fiskarar og kystbønder, har den lært seg å meistra naturtilhøva og nytta ressursene den finn i kystlandskapet. Utetter på 1800-talet vart den gammalnorske sauen/villsau gradvis fortrengd av importerte sauer frå England. Dei hadde større kjøtfylde og ull som høvde betre for dei industrielle spinnemaskinane. Til skilnad frå villsau hadde dei lang hale, såkalla «langrumper». Berre heilt ytst på kysten heldt folk framleis fast på den gammalnorske sauen. Det var avdi den klarte seg best som utegangar, og i tillegg var ulla sterkare enn hos langrumpene. Dette var avgjerande for fiskarane som måtte ha sjøvottar av topp kvalitet. Sjøvottar av ull frå langrumpa sau var ikkje dugande. Mange stader langs kysten vart den gammalnorske sauen heitande «sjøvottsau». Ulla til villsauen er todelt. Ytst har den langfibra dekkull, nærast ragg, som regnvatnet renn av langs. Under ligg ei finfibra, samanfilta botnull med høgt innhald av lanolin. Dyra er godt rusta for å klara seg gjennom hustrige vinterdagar. Det er lett å forstå at spinnemaskinane ikkje taklar denne ulla, men for den som arbeider for hand har ulla mange framifrå kvalitetar. Det klassiske døme er segla til alle vikingskipa. Dei vart vevne av ull frå villsauen, dekkulla vart nytta til renning og botnulla til innslag. For å laga eit segl på 100 m2 gjekk det med ull frå minst 1000 sauer. Når ein tenkjer på kor mange vikingskip som fór langs kysten, skjønar ein kor omfattande sauehaldet må ha vore.

Framover på forsommaren tek villsauen til med å røyta fjorårsulla når ny ull veks fram under. Vert sauene sanka på rett tid kan ulla trekkjast av omlag som ei fell. Dette kallast for å rua, og denne plukkulla kan nyttast på uendeleg mange vis. Det var ein omfattande handverkskultur knytt til bruken av ulla frå villsauene, men det meste har i dag gått i gløymeboken. I dei seinare åra har det vore ei gledeleg auke i interessen for å ta denne spennande ulla i bruk att.
To gongar i året vert dyra sanka: I juni skal dei vaksne sauene klippast eller ruast, og lamma få øyremerke. Utpå hausten, i oktober, skal slaktedyra takast bort, først og fremst gjeld det vêrlamma som må ut av flokken for å unngå innavl. Ellers i året kan eigaren nøya seg med å sjå etter dyra, minst ein gong i veka. Så lenge lyngbeita vert haldne i hevd med regelbunden lyngbrenning, vil dyra normalt finna den maten dei treng heile året. Men ein ansvarleg villsaubonde har alltid eit reservelager med høy eller anna naudfôr, i fall det skulle komma ein periode med så mykje snø på vinteren at dyra ikkje finn mat.

Vêrane vert slepte ut i slutten av november, då er ein sikker på at lamminga ikkje startar for tidleg. Lamminga ordner sauene helst på eiga hand. Villsauen har eit sterkt flokkinnstinkt, men nett under lamminga trekkjer morsøya seg bort frå flokken, finn ein god plass og får eit eller to lam. Etter nokre dagar, når lamma er sterke nok, kjem dei så attende til flokken. Dei siste 25-30 åra har villsauhaldet teke seg kraftig opp, og det er i dag over 50000 dyr på vinterbeite langs heile kysten. Men like etter krigen var det annleis, då var det berre få flokkar att på tilsaman nokre hundre dyr. På 1950-talet tok fleire eldsjeler i øysamfunnet Austevoll tak i problemet. Dei såg at villsauen hadde fleire kvalitetar som hadde gått tapt i dei moderne sauerasane. Med iherdig innsats klarte dei å byggja opp att ei livskraftig stamme, og etter kvart tok folk til med å kjøpa livdyr frå Austevoll. Villsauhaldet på Lyngheisenteret tok til med innkjøp av 50 villsauer frå Austevoll i 1992.

Det er i hovudsak to grunnar til at villsauhaldet har auka så kraftig dei siste åra. Den eine er at villsauen beiter mykje meir allsidig enn anna sau. Medan langrumpene stort sett held seg til gras og urter, beiter villsauen også lyng, blad, kratt og buskar. Den er kort sagt mykje flinkare til å halda
landskapet ope enn dei moderne sauerasane. Etter kvart som landskapet gror att grunna effektiviseringa av landbruket, er dette noko som stadig fleire vert oppteken av. Som ein kuriositet kan nemnast at villsauene så godt som dagleg går ned mellom fjøresteinane og et tang og tare. Det andre som gjer at villsauhaldet har teke seg opp er kvaliteten på kjøtet som er etterspurd i marknaden, særleg hos kvalitetsmedvetne forbrukarar. Rett nok er slakta mindre enn frå andre sauerasar, men kjøtet har ein annan smak, fettet ligg lagra på ein annan måte, og avdi dyra veks langsamt har kjøtet finare fibrer og kan verta mørare. Mange forbrukarar har dessutan fått med seg at dette er ei miljøvennleg og dyrevennleg form for kjøtproduksjon.

Sjølvsagt er det òg andre produkt frå villsauen som gjer den populær, ulla er alt nemnd, eit godt skinn kan oppnå eventyrlege prisar, og gode vêrhorn vert omsette med god pris. I ei tid med stigande otte for klimaet, er villsauhald i lyngheier eit døme på berekraftig og klimanøytral matproduksjon frå norsk natur. Beitemark med moderat beitetrykk, slik som lyngheiene, har synt seg å binda store mengder karbon gjennom planterøtene til jordsmonnet. I det fuktige kystklimaet er torvtilveksten omfattande, og ute i lyngheilandskapet ligg det vanlegvis formidable karbonlagre i form av metertjukke torvmyrer.

Villsau er på ein måte eit misvisande namn. Dyra har jo alltid ein eigar, men sidan dei til alle tider har levd eit fritt liv, er villsau ei gamal nemning. Men i dag har villsau vorte eit varemerke. Kjøt som selgjast som villsau skal vera frå Gammelnorsk sau som har levd på lynghei. I ein flokk med Gammelnorsk sau finst det alle fargevariantar frå kvitt til svart, men nyansar av grått er mest framtredande. Vêrane som har levd nokre år får praktfulle horn, og mange av søyene har også horn, men dei er meir beskjedne. Og sjølv om villsau no har vorte eit varemerke, kan dyra framleis verta ville nok hvis dei ikkje vil sankast. Då kan dei setja opp ein ufatteleg fart, og dei sprett over berg og hamrar med ein utruleg spenst. Ein må nesten undrast på om dei kan fly. I helga er det sauesanking på Lurekalven og laurdag kjem 30 erfarne sankarar og samlar smalen for klipping, vaksinering og merking av nye lam. Lygra Villsaulag eig villsauene som går på heilårsbeiting i lyngheiene på Lygra. Grunneigarane på Ytre Lygra og Lyngheisenteret står bak Lygra Villsaulag.

Foto av den spretne sauen Kim Nygård.

Andre foto Anita Langøy, Mons Kvamme / Lyngheisenteret.

Først publisert på Lyngeheisenteret sin Facebook side, 4. juni 2020

Mons Kvamme

Mons er botaniker og vegetasjonshistoriker med spesiell ekspertise innen kystlyngheier. Han har vært tilknyttet Lyngheisenteret på Lygra, hvor han bidrar med forskning og formidling om kulturlandskap, særlig med fokus på kystleyngheier. Mons har samarbeidet med institusjoner som Universitetet i Bergen og Miljødirektoratet, og har delt sin kunnskap om kystlyngheier gjennom ulike faglige bidrag.

Skriv en kommentar